Valldal Grønt

Valldal Grønt AS er eit dotterselskap av Valldal Eigedom AS. Selskapet er eigd av bærprodusentane i og omkring bygda Valldal, som ligg i Norddal kommune på Sunnmøre. Talet på aksjonærar er i overkant av 90. Det er omkring 40 aktive produsentar. Valldal Grønt AS er både mottakar og grossistselskap for produsentane i kommunen og områda omkring.