STADEN VALLDAL

Ved fjorden i jordbærdalen Valldal ligg kommunesenteret for Norddal kommune. I bygdesenteretet finn ein kommuneadministrasjon, helsesenter, sjuke- og aldersheim, skule, barnehagar, post, bank, butikkar og andre servicefunksjonar, og her har også Valldal Grønt produksjonsanlegget sitt.

Elva Valldøla er den blanke tråden gjennom den tre mil lange dalen frå Storfjorden på Sunnmøre til Trollstigen i Romsdal. I elva finn vi laksen, auren, raftarane og padlarane. Dei høge fjella skjermar godt mot styggevêr som stangar mot kysten nokre mil mot vest. Store og små sidedalar, dei fleste med eigne elvar og fjellvatn, forgreinar seg ut frå dalen mot fjell og vidder som er endå større.

Ved fjorden og i dalbotnen ligg velstelte gardar, som mellom anna driv med frukt, jordbær, sau, gris og storfe. Her er fire større gartneri, og på Linge finn vi den nordlegaste kommersielle fruktproduksjonen i Europa. Folket lever av jordbruk, turisme, handel, industri og servicenæringar. Mange arbeider i industrien i nabokommunane.

Fjorden, elvane og fjella dominerer landskapet, som er stort, vilt og vakkert, men lett å kome til på ulike måtar. Dei fleste og største naturopplevingane er sjølvbetente, men det er lagt til rette for båtutleige, rafting, guida turar til fjell, blåbrear, fjellgardar og mykje meir.

Fossar og bruer er det mange av i Valldal, og dei fleste viser seg fram for dei som går ut av bilen. Det same gjeld dei som vil sjå reinen, rypa og auren på fjellet; men for å kome seg dit må dei sveitte litt.

Naturen og klimaet har gjort Valldal til eit attraktivt rekreasjonsområde for dei som bur i dei mest urbane områda på ytre Sunnmøre. I helgane er vi innfødde i mindretal i høve til dei mange som bur i hytter og campingvogner. Men her er god plass, og vi deler så gjerne på han. Overnattingstilboda er mange og varierte, frå enkle setersel til velutstyrte hytter og hotell. Campingplassane har god standard med rimelege hytter og gode tilbod for telt, campingvogner og bubilar.

Om sommaren er det full aktivitet i Valldal med utstillingar, idrettsarrangement og andre tilstellingar. Olsokfeiringa i Valldal har framleis sterke band til Heilag-Olav. Ei dramatisk flukt i samband med maktkampen om herredømmet landet gjekk gjennom Valldal i 1028. Mange segner og mytar er levande, og ein kan sjå merke etter sjøormen som helgenkongen etter legenda slengde i Syltefjellet.