Om valldal

Valldal er eit varemerke som Valldal Grønt bruker og eig. Selskapet er eigd av produsentane i bygda Valldal, som ligg i Norddal kommune på Sunnmøre.

Produsentane i Valldal står for om lag 50 prosent av den delen av norskproduserte jordbær som går til matvareindustrien i Noreg (Lerum, Stabburet etc.). Det meste av den ferske bæra blir selt i den lokale marknaden på Nordvestlandet. Dette skjer gjennom BAMA-systemet, og hovudsakleg til Norgesgruppen.

Valldal har utvikla ein serie produkt: pakningar med singelfrosne jordbær og bringebær som er lansert nasjonalt. Produkta kan kjøpast hos Norgesgruppen sine butikkar som høyrer til under kjedane Meny, Ultra og Eurospar. I tillegg så fører Coop Obs på Moa disse produkta i tillegg til ein del andre lokale butikkar.
 .