Valldal Grønt AS

Det beste av bær, frukt og grønt frå lokale produsentar.
Valldal Grønt tek imot, behandlar, distribuerer og sel vidare sunne og gode bær, frukter og grønsaker for eigarane sine: lokale bønder i bygdene Valldal, Norddal og Stordal i Fjord kommune på Sunnmøre.

Besøk vår nettbutikk

Om Valldal

Bilde av Jorbæråker i Valldal

Klimaet og den grøderike jorda i Valldal gir eit uvanleg godt vekstgrunnlag for jordbær, bringebær, frukt og grønt.

Produsentane

Jordbærprodusent

Vi har dyrka bær her i over hundre år. I dag leverer over tjue produsentar frukt og bær gjennom Valldal Grønt.

Om oss

Sortering av jordbær

I det moderne bærmottaket ved fjorden blir nyplukka jordbær og bringebær handtert etter strenge kvalitetskriterium.

Nettbutikk

Dei velsmakande produkta våre er tilgjengelege i utvalde daglegvarebutikkar: ferske jordbær, bringebær, morellar, plommer, eple, kålrot og poteter når det er sesong for det. Frosne jordbær og bringebær i hendige pakningar er tilgjengelege heile året (så sant vi har nok).

Sjå utvalg i nettbutikk

Bær i verdsklasse

Eg blei forelska i bær frå Valldal etter at eg fekk smake dei på ei messe i Oslo. Dette er dei nydelegaste bæra eg har smakt! Dei smakar sjølvsagt best rett frå åkeren, men i Valldal kan dei kunsten å fryse dei inn slik at dei tek vare på mest mogleg av den gode smaken.

Pascal Dupuy, Pascal Konditori